Teaterframsyning

Skjåk kulturskule
«Karusell kunst» er ei gruppe med flinke og allsidige ungar. Onsdag 27. april kl 17 skal dei syne fram teaterforestillinga «Hønemor og dei tolv små kjuklingane» etter ei barnebok av Aslaug Høydal.

Kjuklingsteik er det beste revefolket veit…
Litt om historia
Den farlege Reve-Mikkel luskar rundt i skogen på jakt etter mat til bryllaupet sitt med reveprinsessa. Samstundes skal dei tolv små kjuklingane vere heime einslege, medan Hønemor skal ut og finne blåbær – blåbær er nemleg det beste kjuklingane veit.

Men kva trur du skjer når kjuklingane ikkje høyrer på Hønemor? Dei går ut i skogen einslege…

Det er berre å gle seg til teaterframsyninga. Da får du møte Hønemor, Toppen, Tuppen, Tippen, Tappen, Nippen, Nappen, Rippen, Rappen, Ditten, Datten, Tutten,Titten, reveprinsessa, ekornet, den farlege Reve-Mikkel og lærar og sufflør Runa Aurmo.

Arrangementet er eit av fleire i høve 100-årsjubileet i 2016 for Aslaug Høydal.

Her er fleire bilete frå ei av øvingane til den kreative og blide gjengen. (Det var nokre som ikkje var tilstades på denne øvinga, men dei får vi sjå på biblioteket 27. april – og da tek vi fleire bilete.)

4    3

12
Hønemor, kjuklingane og lærar/sufflør Runa Aurmo

Kommenter innlegget