Aslaug Høydal   Asalug Høydal. 1956. Privat foto   Aslaug Høydal

I 2016 VILLE ASLAUG HØYDAL FYLT 100 ÅR
Aslaug Høydal (fødd i Seljord 22. desember 1916, død i Skjåk 2007) var lærar, forfattar og samfunnsdebattant. Særleg markerte ho seg i debatten om skulesentraliseringa på 1960-talet, med ein roman som var eit kraftig åtak på den nye, linjedelte ungdomsskulen. Ho hadde eit kristent livssyn, og kan på mange måtar kallast verdikonservativ. Samstundes hadde ho markante standpunkt som mest har vore identifisert med den radikale venstresida i norsk politikk, engasjert for eksempel i antiatomvåpenkampanjen frå slutten av 1950-talet, og for palestinarane si sak i Midtausten.

Eg er oppteken av alt som hender i verdi, og synest alt gjeld meg. Det er ikkje så mykje ein kan gjera – men litt kan ein då gjera.

Einar Gotehus skriv i samandraget i si hovudoppgåve om Aslaug Høydal: «All diktinga hennar munnar ut i eit forsvar for dei veike og vergelause». Dette er kjernen i livsverket hennar. Vi kan sjølvsagt nemne andre ting  som tryggleik i eit miljø, respekt for liv, eller maktmisbruk. Alt ber i seg målet at det gode i menneska må få rå i samfunnet.

Eg føler at eg har så mykje ugjort. Det er så mange ungdomar som ikkje finn meining med livet. Taparar blir det stadig fleire av. Fleire enn nokon gong. Hadde vi enda vist meir medkjensle for dei….

OPPVEKST
Aslaug Høydal er fødd og oppvaksen på garden Anåskosi i Langlim, ei lita fjellbygd i Seljord kommune. Aslaug hadde sju sysken, deriblant lærar og forfattar Olaus Høydal.  Foreldra var gardbrukarparet Hans Høydal og Anne fødd Bakken.

GODT UTDANNA
Aslaug hadde ei allsidig utdanning etter grunnskulen i heimegrenda. Ho gjekk på Telemark folkehøgskule i Kviteseid, Den kvinnelege industriskolen i Oslo, Askov Højskole i Danmark. Lærareksamen tok ho ved Elverum lærerskole i 1959, og gjekk også på Noregs lærarhøgskule i Trondheim. Ho vidareutdanna seg til adjunkt.

Sterkt internasjonalt orientert som ho var, drog ho på fleire studiereiser utanlands, mellom anna til Island, Italia og til fleire land i Midt-Austen.

LÆRAREN
Allereie før ho tok lærarprøva i Elverum var Aslaug tilsett som lærar ved folkehøgskular i Ryfylke og i Vestoppland. Etter lærarprøva var ho ei tid ved Sandbu skule i Nord-Fron. Frå 1960 var ho tilsett ved Tokke ungdomsskule. I 1971 vart ho tilsett som adjunkt ved Nordberg skule i Skjåk (grunnskule), der ho vart verande til ho nådde pensjonsalderen. Ho vart buande i Skjåk livet ut, her kjøpte ho eit hus som ho kalla «Løyndebru». Huset låg berre eit steinkast frå huset til den kjende forfattaren Jan-Magnus Bruheim.

 Læraryrket er eit kall – ikkje ein jobb.


FORFATTARSKAPEN
Den litterære produksjonen hennar er svært omfattande, meir enn 50 bøker i løpet av ein femtiårsperiode. Debuten var barneboka Born og bøling, som kom i 1950. Forfattarskapet omfattar romanar, barnebøker, noveller, diktsamlingar, folkelivsskildringar og biografiar.

Mest kjend vart ho nok for romanen Dyr last (1963), som var ein tendensroman med kvass brodd mot den linjedelte ungdomsskulen, og som vakte ein omfattande debatt om den nye grunnskuleordninga som var basert på ei viss sentralisering av skuletilbodet. Også fleire andre romanar og andre bøker kan oppfattast som innlegg i ein pågåande samfunnsdebatt.

Ho har skrive tre romanar frå Israel. Meininga hennar var å finne opphavet til striden i Midt-Austen. Det som var tenkt som ei bok, vart tre, ei om jødane, ei om arabarane og ei om samaritanarane.

Aslaug Høydal har skrive om urett, om det ho meinar er galt, og dei som blir undertrykt. Ho var imot skulesentraliseringa. Ho skreiv protestromanar om fri barneoppdraging, seksuell frigjering og fri abort. Ho var oppteken av fredsarbeid, fråhaldsarbeid, ungdomsarbeide og nei til EU.

Medkjensle for dei svake i samfunnet pregar mange av bøkene til Aslaug. Ho har alltid hatt omtanke for dei små. Barna. Taparane. Dei nedtrykte.

Eg prøvar å lyfte deira liv opp på eit høgare plan, så dei får tru på seg sjølve.


GLAD I DYR
Dyr har ein stor plass i diktinga til Aslaug. Ho ynskte at alle dyr skulle får leve eit dyreverdig liv. Som i mykje av det ho har skrive, er det fyrst og fremst det nære og kjære samveret med dyra ein legg merke til. Eit godt døme på dette kan vi lese om fremst i nokre av barnebøkene til Aslaug:

Honoraret for denne boki,
det som fell på meg,
skal vera gåve til
«Dyrenes hus» i Oslo.

Publisert av Sigrun Eide
04.02.2016

Logo Aslaug Høydal 100 år

KJELDER
– Espelid, Knut. (Joleavisa 1997). Men litt kan ein då gjera. Vest-Telemark blad
– Gotehus, Einar (1973): Pedagogiske og psykologiske problem i Aslaug Høydals skuleromanar 
– Hosar, Hans. «Aslaug Høydal». lokalhistoriewiki.no, lesedato 4/2-16
– Skoje, Leif (1983):  Aslaug Høydals liv og forfatterskap. Årbok for Telemark 1983, 9 -36
– Sperstad, Elias. (2000 22.01). Mor medkjensle. Gudbrandsdølen Dagningen

 

«ASLAUG HØYDAL 100 ÅR» HAR FÅTT STØTTE FRÅ:

Logo, Skjåk kommune  Regionrådet Nord-Gudbrandsdal  G-Kultur logo  Logo, SpareBank 1 Lom og Skjåk

Legg att eit svar

Fill in your details below or click an icon to log in:

WordPress.com logo

Du kommenterer no med WordPress.com-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Google photo

Du kommenterer no med Google-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Twitter-bilde

Du kommenterer no med Twitter-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Facebook-foto

Du kommenterer no med Facebook-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Koplar til %s