Morgonbøn

Å kunne eg skrive eit velmeint ord
som gav trøyst til ei fredlaus sjæl.

Å kunne eg tenna eit einsleg ljos
som vil lyse for mørkredd træl.

Å kunne eg pløya ei brukleg fòr
som gjev vokster for veike strå.

Les heile diktet «Morgonbøn»

 

Eg vil –

Eg vil vera eld i ei frosi verd,
eg vil vera ljos, der ljos ikkje er.

Eg vil vera salt i ei usunn verd,
eg vil vera vatn, der vatn ikkje er.

Eg vil vera fræ i ei skrinne verd,
eg vil vera liv, der liv ikkje er.

Les heile diktet «Eg vil – «

 

Lukke

No veit eg kva lukke er:
Det er å vakna tidleg
og sjå fram til ein ny dag.

No veit eg kva den
høgaste lukke er.
Det er å gå til ro
etter ein slik dag.

Aslaug Høydal
Bok: Alt som ventar

 

I haugar og berg

Det bykser so mangt uppi bergi blå,
det tuslar so stilt nedi haugan grå.
Det smattar og kikar i sprekkin små,
det klukkar i fossan langs Gjevarå.

Det bykser og tuslar og er slik styr,
det hugar, det lokkar på tussekyr.
Det fetar og tassar, kruslar og kryr,
det lever i åsan rundt Storemyr.
Les heile diktet «I haugar og berg»

Logo Aslaug Høydal 100 år

 

Legg att eit svar

Fill in your details below or click an icon to log in:

WordPress.com logo

Du kommenterer no med WordPress.com-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Twitter-bilde

Du kommenterer no med Twitter-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Facebook-foto

Du kommenterer no med Facebook-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Koplar til %s