gåter

Kva er dette for bjølle? 

Eg veit om ei bjølle
so liti og blå,
eg veit om ein stilk
so ørgrann og mjå.

Svar: Bjølleblom (blåklokke)

Kven er dette?

Eg veit om ein fugl
so liten og nett,
vippar med velet,
og trippar so lett.

Svar: Linerla

Gåtene står i boka «Fint fylgje. Bånedikt og småsoger»

Dikt

Kvar gjer sitt

Eg rullar sa ballen
eg tullar sa kallen.
Eg trippar sa kokken
eg vippar sa stokken.
Eg sullar sa bekken
eg lullar sa hekken.

Eg dansar sa musi
eg vimsar sa lusi.
Eg tikkar sa klokka
eg nikkar sa dokka.
Eg svallar sa Tulla
eg trallar sa Gulla.

So tok dei saman til ein stor ring:

Det var ballen og kallen
kokken og stokken
bekken og hekken
musi og lusi
klokka og dokka
Tulla og Gulla.

Dei rulla og tulla
trippa og vippa
sulla og lulla
dansa og vimsa
tikka og nikka
svalla og tralla.

Til slutt låg alle og pæsa.

Aslaug Høydal
Bok: Fint fylgje. Bånedikt og småsoger

Lokk

Kom sau, kom geit
kom kyri,
Gogga må ganga fyri.
Etter kjem Bergeline,
Løyne og Vesle Tine.
Nykle og Hoppetele,
Salemann og Grele.
Dokke og Kåpe Mette,
Sylveline og Sprette.
Les heile diktet «Lokk»

Den fyrste helsing

Det tusla så stille i gangen
ein dag føre soli rann,
og inn kom ei ørliti jente
med blåveis i iskald hand.

Ho rette meg skjelvande bloman`
tak desse frå meg og mor.
Eg veit om mange fleire,
det er blått kring vegen der nord.
Les heile diktet «Den fyrste helsing»

Alle som vil leva

Kvifor skjelv du ospetre?
Eg er så redd dei høgg meg ned.

Kva kviskrar du om seljetein?
Eg bed at ingen gjer meg mein.

Kva seier du vesle nykkelblå?
Ikkje plukk meg, berre sjå.
Les heile diktet «Alle som vil leva»

 

Barneboka "Fint fylgje. Bånedikt og småsoger" av Aslaug Høydal
Barneboka «Fint fylgje. Bånedikt og småsoger» av Aslaug Høydal

Legg att eit svar

Fill in your details below or click an icon to log in:

WordPress.com logo

Du kommenterer no med WordPress.com-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Twitter-bilde

Du kommenterer no med Twitter-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Facebook-foto

Du kommenterer no med Facebook-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Koplar til %s