Boktips

 

«Hønemor og dei tolv små kjuklingane»
av Aslaug Høydal

Dette er ei fin og spennande historie om Hønemor og dei tolv søte små borna hennar. Dei bur i eit hus langt inne i skogen. Hønemor er så glad i borna sine og ho brukar mykje tid på å finne mat til dei. Kjuklingane likar godt jordbær og korn – og dei elskar blåbær. Dei er ein glad, livat og uroleg gjeng. Dei leikar gøymsel og kosar seg dagen lang. Det beste dei veit er når Hønemor fortel eventyr.

Kjuklingane har fine namn. Dei heiter Toppen, Tuppen, Tippen, Tappen, Nippen, Nappen, Rippen, Rappen, Ditten, Datten, Tutten og Titten.

Blåbærturen
Ein dag får kjuklingane lyst på favorittmaten sin – blåbær.

Kjære mor, hent blåbær til oss! seier kjuklingane i kor.

Hønemor vil ut å finne blåbær, men da må kjuklingane love at dei skal vere inne heile dagen. Det har seg nemleg slik at Reve-Mikkel bur like ved – og han er veldig farleg.

Kjuklingane blir lei av å vente på at hønemor skal kome heim frå blåbærturen. Dei blir einige om å gå ut i skogen for å finne blåbær sjølve. Toppen har lova mor å passe på syskena sine, han prøver fortvilt å minne dei på lovnaden til mor, men ingen vil høyre på kva han seier.

Når dei etter kvart finn ei stor blåbærtuve, blir dei så glade at dei ikkje legg merke til reven som ligg og spionerer på dei.

Den farlege reven
Reve-Mikkel skal gifte seg om tre dagar med den vakre reveprinsessa. No er han på jakt etter mat til bryllaupet. Kjuklingsteik er det beste revefolket veit…

Bums! Plutseleg står reven midt i blåbærtuva. Kjuklingane blir så redde at dei ikkje klarer å røre seg.

No blir historia verkeleg spennande. Korleis går det vidare med kjuklingane?

Du må nok lese boka for å finne det ut…

Reklame

Legg att eit svar

Fill in your details below or click an icon to log in:

WordPress.com logo

Du kommenterer no med WordPress.com-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Twitter-bilde

Du kommenterer no med Twitter-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Facebook-foto

Du kommenterer no med Facebook-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Koplar til %s