Morgonbøn

Å kunne eg skrive eit velmeint ord
som gav trøyst til ei fredlaus sjæl.

Å kunne eg tenna eit einsleg ljos
som vil lyse for mørkredd træl.

Å kunne eg pløya ei brukleg fòr
som gjev vokster for veike strå.

Å kunne eg berga eit nake liv
av desse som ingen må sjå.

Å kunne eg planta eit lite tre
som gjev livd for eit fuglereir.

Å kunne eg skapa på jordi fred
ja, då vil eg kje ynskje meir.

Aslaug Høydal
Bok: Under hengjebjørki

Legg att eit svar

Fill in your details below or click an icon to log in:

WordPress.com logo

Du kommenterer no med WordPress.com-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Google photo

Du kommenterer no med Google-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Twitter-bilde

Du kommenterer no med Twitter-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Facebook-foto

Du kommenterer no med Facebook-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Koplar til %s