Festforestillinga i Utgard i Skjåk trakk «fullt tun». Med vêrgudane og programleiaren Endre Skjåk på vår side, fekk vi ei forestilling vi seint vil gløyme. Endre Skjåk krydra forestillinga med små historier av Aslaug Høydal. Vertinna, Mari Brenna, ynskte velkomen. Sidan gjekk det slag i slag med god prat, dikt, song og musikk.
Gratulerer Sol i Skuggeskog – dette var fint!
Gruppa «Sol i Skuggeskog» urframførte fleire dikt av Aslaug Høydal som dei har tonesett på oppdrag frå jubileumsnemnda. Vokalist Ingrid Lian-Bjørgum har ei nydeleg songstemme, og saman med Øyvind Sandum og Einar Lian-Bjørgum framførte dei nydelege melodiar. Det blir spennande å sjå om desse blir med på den nye plata deira.
«Stille før stormen». Lydmann Kai Rune Melby, Finn Sandum og lydmann Stein Arne Melby. Foto Sigrun Eide
Vertinne Mari Brenna ynskte velkomen. Foto Sigrun Eide
Fullt tun :). Foto Sigrun Eide
Programleiar Endre Skjåk saman med diktlesar Vebjørn Lilleengen Brukveen og den vakre blomen Anna Lilleengen Brukveen. Foto Sigrun Eide
Vebjørn Lilleengen Brukveen las dikt og Anna var blome. Foto Sigrun Eide
Sol i Skuggeskog. Foto Sigrun Eide
Ein dyktig vokalist: Ingrid Lian-Bjørgum. Foto Sigrun Eide
Programleiar Endre Skjåk. Foto Sigrun Eide
Søtnos. Foto Sigrun Eide
Om Aslaug Høydal: Gudveig Lilleengen, Gudmund Moren, Una Høydal, Finn Sandum i samtale med Magnhild Bruheim.
Gudveig Lilleengen og Gudmund Moren
Bestemorfang. Foto Sigrun Eide
Skjåk Songlag. Foto Sigrun Eide
Pål Svindland og Skjåk Songlag. Foto Sigrun Eide
Flinke Idun og Lina Byre las dikt. Foto Sigrun Eide
Finn Sandum las dikt. Foto Sigrun Eide
Synne Stensgård song fint. Foto Sigrun Eide
Samstemt ektepar: Einar og Ingrid Lian-Bjørgum. Foto Sigrun Eide
Magnus Lilleengen. Foto Sigrun Eide
Gruppa «Hæ» er Magnus Lilleengen, Simen Jeistad, Tore Jacobsen og Pål Svindland.Foto Sigrun Eide
Tore Jacobsen og Pål Svindland. Foto Sigrun Eide
Magnus Lilleengen. Foto Sigrun Eide
Gruppa «Hæ» med Magnus Lilleengen, Simen Jeistad, Tore Jacobsen og Pål Svindland. Foto Sigrun Eide
Gruppa «Hæ» med Magnus Lilleengen, Simen Jeistad, Tore Jacobsen og Pål Svindland. Foto Sigrun Eide
Gruppa «Hæ» med Magnus Lilleengen, Simen Jeistad, Tore Jacobsen og Pål Svindland. Foto Sigrun Eide
Gruppa «Hæ» med Magnus Lilleengen, Simen Jeistad, Tore Jacobsen og Pål Svindland. Foto Sigrun Eide
Plakaten vår
Flinke folk
Systrene Idun og Lina Byre las kvart sitt barnedikt som dei hadde lært utanåt. Vebjørn Lilleengen Brukveen på sju år las dikt, medan systera Anna var blomen i diktet. Flinke Synne Stensgård var med på ein av songane til «Sol i Skuggeskog». Skjåk Songlag song vakkert for oss. Finn Sandum las dikt, flinkare «diktlesar» må du leite lengje etter. Han skriv også eigne dikt, han skal gje ut diktbok nummer to seinare i haust.
Gratulerer «Hæ» – dette var tøft!
Det var knytt stor spenning til avslutningsnummeret, da entra nemleg gruppa «Hæ» scena. Og no vart det skikkeleg rock!
Magnus Lilleengen har laga eit musikalsk bestillingsverk som er inspirert av diktinga til Aslaug Høydal. Dette var skikkeleg tøft. Det var nesten så dei mana fram både tussar og troll med musikken sin. (Aslaug Høydal likte godt tussar og troll.)
Gruppa «Hæ». Frå venstre: Tore Jacobsen, Simen Jeistad, Magus Lilleengen og Pål Svindland. Foto Sigrun Eide