Velkomen til festforestilling i Skjåk
Sundag 4. september kl 13 skal vi ha ei festforestilling i Skjåk i høve jubileumsåret «Aslaug Høydal 100 år». Det blir eit variert program med musikk, song, dikt og god prat.
Gruppa Sol i Skuggeskog har på oppdrag frå jubileumsnemnda, tonesett fleire dikt som dei skal framføre.
Endre Skjåk skal vere programleiar.
Gruppa Hæ (Magnus Lilleengen, Simen Jeistad og Tore Jacobsen) skal framføre nylaga musikk som er inspirert av diktinga til Aslaug Høydal.
Magnhild Bruheim skal leie ei samtale frå scena med fleire personar som kjende Aslaug Høydal. Dette er Una Høydal, Gudveig Lilleengen, Finn Sandum og Gudmund Moren.
Skjåk Songlag vil syngje for oss.
Lina Byre, Idun Byre og Vebjørn Lillengen Brukveen skal lese barnedikt, Finn Sandum vil også lese dikt.
Eit steinkast unna ligg Løyndebru, huset til Aslaug Høydal i Skjåk. Denne dagen vil huset vere ope for alle som vil sjå korleis Aslaug budde her.
Det er gratis inngang – og du er hjarteleg velkomen til festforestilling i Utgard, Lundagrende, hjå Mari Brenna.
Festforestillinga vår er med i programmet til
Diktardagar Lom, Skjåk og Vågå 2016.
“ASLAUG HØYDAL 100 ÅR” HAR FÅTT STØTTE FRÅ: