Tysdag 12. april hadde vi fyrste arrangementet i samband med jubileumsåret for Aslaug Høydal. Vi inviterte Einar Gotehus (pensjonert høgskulelærar) frå Seljord til å halde foredraget «Med pennen som våpen. Han skreiv i si tid ei hovudoppgåve om skuleromanene hennar. Gotehus fortalte at dei kan sjåast på som tendensromanar med ein kvass brodd mot den linedelte ungdomsskulen. Ho har markert seg som ein av dei største forsvararane for barn og unge, veike og vergelause. Ho var klarsynt, framsynt og før si tid.
Variert program
Den folkekjære visesongaren, Svein Bjotveit, song og spelte gitar.
Mari Brenna fortalte om naboen Aslaug Høydal. Mari og borna hennar har hatt tett kontakt med Aslaug i dei åra dei var naboar. Dei har mange gode minner.
Endre Skjåk las dikt og han las dei to eventyra «Padda og elefanten» og «Bakvendt-Lars». Eventyra er frå boka «Bak berg og blåne», som er ei lita perle av ei bok. Endre er ein utruleg god formidlar – og han er god til å få fram latteren i oss. Han skal også vere med på festforestillinga sundag 4. september.
Det var fullt hus på biblioteket. Takk til dei 60 personane som kom og var med på opninga, vi set stor pris på kvar og ein av dykk.